Regionane på frammarsj
I løpet av dei siste førti åra har regionar vorte stadig viktigare i Vest-Europa, både som styringseiningar og som kjelder til politisk mobilisering. Rune Dahl Fitjar, som er seniorforskar ved IRIS, skriv i boka The rise of regionalism: Causes of regional mobilization in Western Europe om kvifor regional identitet er sterkare i nokre regionar enn i andre, og kvifor regionale elitar tidvis prøver å mobilisere ålmenta til støtte for ein regionalistisk dagsorden. Han spør seg kvar regionalismen er mest utbreidd og prøver å talfeste graden av regionalisme.
Fitjar presenterte boka på ein bokpresentasjon ved Universitetsbiblioteket på UiS 9. mars.
Høyr presentasjonen hans her.
Forfattaren definerer regionalisme som ein regional identitet som har politisk tyding ved at ein vurderer folkesetnaden i ein region som ei gruppe med visse felles interesser som dei bør fremje.
I boka utviklar Fitjar ein modell som forklarer variasjon i regionalisme mellom regionar og i ein og same region over tid. Han gjer òg utfyllande greie for ulike årsaker til regionalisme.
Forfattaren har brukt ulike metodar for å utvikle modellen, men tek blant anna utgangspunkt i ein kvantitativ studie av 212 vesteuropeiske regionar. Han tek føre seg utviklinga internt i dei ulike regionane, og han ser på endringar over tid med omsyn til økonomisk utvikling, partisystem, globallisering og grad av europeisk integrasjon.
Fitjar prøver deretter ut modellen på Skottland og Rogaland. I utgangspunktet har Rogaland låg grad av regionalisme, medan han for Skottland sin del er mykje høgare. Forfattaren finn at sjølv om Skottland og Rogaland på mange område er svært ulike, er faktorane som gjev grunnlag for regionalisme i dei to regionane over tid like. Ikkje minst har begge opplevd ei oppvakning i kjølvatnet av økonomisk vekst.
Boka byggjer på Rune Dahl Fitjar si doktorgradsavhandling Prosperous peripheries: Cross-sectional and longitudinal explorations of the determinants of Regionalism in Western Europe, som han disputerte over ved London School of Economics i 2007.
Rune Dahl Fitjar (2009): The rise of regionalism: Causes of regional mobilization in Western Europe. Routledge.